Bygland Ebbegarden For the Love of Kveik
12C – Kornøl
Bestillingsutvalget
Slippdato 07.05.2022
I det fjerde ølet i serien dedikert til norsk ølgjær frå ulike gardar i landet, har vi gleda av for fyrste gong å bruke den urnorske byggsorten «Domen». Bygget er økologisk dyrka og malta på Nordre Lie gard utanfor Kongsberg, og såleis er vi eit steg nærare å attskape smaken av det tradisjonelle norske ølet. Difor har vi på framsida av etiketten lagt ein byggkrans rundt kveikringen. Denne runden er det Ebbegarden frå Sunnmøre. I dette ølet brukar me einerlog, men berre ei avgrensa mengde humle. Vørteret blir ikkje kokt, berre pasteurisert, før me tilfører kveiken på over 30°C. Det gjer at esterane av guava og steinfrukt skin gjennom på både aroma og smak – avrunda av den fyldige munnkjensle råøl gjev. Server på 10°C.
Aroma: Korn og fruktig aroma fra kveik.
Smak: Korn, einer og estere av guava og annen steinfrukt.
Stil-analyse
Kommentarer
-
Ingen kommentarer ennå.